|
Andre opplysningar Det er 8 km, til kommunesenteret Ørsta der du finn telefon, bank, postkontor, kino, fleire kjøpesentra, restaurantar, kafear, museum o.s.b.
|
![]() Kjøpesenter i Ørsta (Fokus) |
![]() Ørsta Sentrum |
|
Andre opplevingar i området |
||
![]() Ålesund |
Naturen her vil gje deg mange flotte opplevingar dersom du vil ha ein tur i ro og fred, og med fager utsikt over fjellheimen vår. Vi nemner berre Molladalen, Kolåstinden, Skorgedalen, Slogen o.s.b. Her er godt oppmerkte turstiar og gode turkart for den som treng det! Du får mange fine turar med bil dersom du køyrer til nokon av desse stadane: Geiranger (med skyssbåt eller bil-ferge), Briksdalsbreen (hesteskyss), Runde med fuglefjellet, Kjerringa på Stadtlandet, Klosterruinane på Selja, Alnesfyret i skjergarden, Jugendbyen Ålesund og mykje, mykje meir! |
![]() Molladalen |
|
Fiske Fiske kan du gjere på sjøen, i vatn og i elvar. Av sjøfisk kan du fiske bl.a. torsk, sei, hyse og makrell. Du kan dorge etter laks og sjøaure, som også er å få i elvane. Du kan få reise på havfisketurar etter nærare avtale, og gå på fisketurar i fjellheimen. Dersom du vil, kan du få med kjentmann på alle turane. |
![]() |
![]() |
| Torsk,sei,makrell og hyse | ||
|
Fjellturar Likar du å gå fine turar i fjellet, eller vil du heller klatre i dei? Då står "Sun-Alp" og "Sunnmøre Klatreklubb" til disposisjon. Det er også høve til å klatre i innandørs-veggar i Volda og Ålesund. |
Dykking Det kan ordnast med dykkerturar dersom du har denne interessa. Det er det "Møredykk" som står for. Dei ordnar med påfylling av luft-flasker og liknande. |
Anna På sein-sommaren og hausten kan vi by deg på småviltjakt og bær-plukking. Her er mykje å ta seg til, så berre ta deg ein tur. Du vil vere hjarteleg velkomen! |
![]() |
![]() |
![]() |